Oppgåver om CSS – MID128

CSSlogo

Min forståelse av CSS 1-3

Oppgåve: Korleis har CSS utvikla seg, og kva er statusen for CSS no?

CSS har utvikla seg gjennom mange år, og vi kjem nok aldri til å få sjå den ferdige versjonen. Det heile starta i 1994, då den første versjonen vart presentert av Håkon Wium Lie. To år seinare, i 1996, vart CSS1 lansert av W3C. Denne vart erstatta av CSS2 i 1998, og dei tidlegaste utkasta av CSS3 kom deretter i 1999.

Dei tidligaste versjonane var relativt primitive, og kom med muligheiter for å endre font, bakgrunnsfarge og rekkefølge på element, for å nemne nokon. Etter kvart som systemet har utvikla seg, gir det no muligheita til å kontrollere nesten alle aspekt ved presentasjon innanfor ei nettside.

Etter CSS3 vart dei forskjellige fuknsjonane som utgjer CSS delt inn i separate modular for vidare utvikling. Sidan alle dessemodulane er på forskjellige stadier i utviklinga, vert det ikkje offisielt snakka om ein CSS versjon 4.

Min oppfatning er at utviklinga av CSS kunne ha vore kome mykje lengre på eit tidlegare stadium, hadde det ikkje vore for ein kjent og kjær nettlesar ved namn Internet Explorer. Mangel på støtte for diverse CSS-element i tidlegare versjonar av IE har ført til at enkelte funksjonar har vore nytta i liten grad med hensyn til kompatibilitetsutfordringar (link). I tillegg har det ført til mykje utfordringar for utviklarar som har vore nøyd til å finne spesielle løysingar for å få eit tilnærma likt resultat i dei forskjellige nettlesarane.

Eg vil dra fram reklame som eit eksempel på noko CSS har vore nøyd til å tilpasse seg meir og meir dei siste åra. Dette var ein problemstilling som neppe var aktuell då CSS vart lansert, men som har kome som eit resultat av den stadig aukande mengda reklame på nettet.

Som eg nemnte i begynnelsen, trur eg aldri vi får sjå ein ferdigutvikla versjon av CSS. Dette kan tenkast med bakgrunn i at internett er under stadig utvikling, og det kjem nye krav og bruksområder som CSS må tilpasse seg.

Topp 5: Mine favoritt CSS-triks

Ei samling med 5 CSS-triks eg synes er nyttige, eller som eg er glad i å bruke.
(Trykk på linker for eksempel)

  1. Rounded corners
  2. Position:fixed
  3. Box-shadow
  4. Border-images
  5. Transparency

Oppgåve: Finn ein artikkel som lærer deg noko nytt, og blogg om kva du lærte

Artikkel: Getting Started with Sass

Denne artikkelen tar for seg eit prosjekt som vert kalla Sass. Dette er ein relativt ny syntax som er utvikla for å gjere det enklare å leve med CSS i den moderne kvardagen. Bakgrunnen for dette prosjektet er den stadige utviklinga av websider og applikasjonar, som etter kvart som dei vert større og meir omfattande, også skal nå ut til eit stadig voksande antall forskjellige enheter og skjermstørrelsar. Dette har ført til at CSS, som tidlegare vart verdsatt for sin enkelheit, no kan by på fleire ulemper. Utvikling av ein ny og utvida CSS-versjon ville føre med seg fleire utfordringar, etter som det kunne ta fleire år før den nye versjonen vart godt nok støtta i alle nettlesarar til at det vart ansvarleg å nytte seg av den.

Artikkelen fortel om to utviklarar som bestemte seg for å byrje heilt på nytt og designe ein heilt ny style sheet syntax (Sass), med funksjonar som skulle bidra til å gjere dei stadig meir innvikla CSS-dokumenta enklare å opprette og handtere. Deretter skulle det nyttast eit program på PCen eller serveren til å oversette denne nye smarte Sass til tradisjonell CSS som nettlesarane kan behandle.

For vanlege webdesignarar vart dette tydeligvis ikkje mottatt med alt for stor jubel. Dette var i hovudsak på grunn av den store forskjellen mellom den nye syntaxen og tradisjonell CSS, så dei fleste heldt seg dermed unna. I tillegg var det også praktiske utfordringar: Sidan Sass ikkje var kompatibelt med tradisjonell CSS, var det vanskeleg for eksisterande nettstadar å nytte seg av fordelane, utan å bruke tid på å konvertere heile den eksisterande koden sin til Sass.

Dette vart løyst ved lanseringa av Sass 3.0, som fekk namnet SCSS. No vart det slik at alt som var gyldig CSS, også var gyldig som SCSS. Dermed kunne nettstadar med eksisterande CSS-dokument nytte desse innanfor Sass utan problem.

Heile konseptet rundt Sass var nytt for meg, og eg fann dermed denne artikkelen å være veldig lærerik. Sidan alle nettsidene eg har designa har vore på eit veldig grunnleggjande nivå, har eg naturleg nok ikkje støtt på dei utfordringane og begrensingane ved CSS som vert nemnt i artikkelen. Likevel forstår eg korleis dette kan påverke bedrifter og organisasjonar som skal vedlikehalde store nettstadar og applikasjonar.

Patchellhytta (Eksamen)

Dette blogginnlegget er det første i ein serie der eg framover vil fortelje om mine opplevingar i fjella her på Sunnmøre. Eg vil prøve å oppdatere med nye innlegg fortløpande etter kvart som nye turar vert gjennomført.

Denne gongen har eg vore på tur med Outdoor Media Production klassen min til Patchellhytta i Stranda kommune, som ligg fantastisk til ved foten av fjellet Slogen. Slogen er eit av dei mest kjente og mest besøkte fjella på Sunnmøre, og er utan tvil verdt eit besøk. Toppen ligg på heile 1564 moh, og er dermed ein av dei høgaste toppane blant Sunnmørsalpane.

Vi reiste frå Volda med bil tidleg på morgonen, og kjørte direkte til Sæbø. Der tok vi ferga over til Leknes, og kjørte så vidare ca. 6km. Der starta den mest omfattande delen av turen: gåinga. Det var ein god distanse og ein god del høgdemeter som skulle tilbakeleggast. Gåinga gjekk greitt, sjølv for ein som er såpass utrent som meg sjølv. Terrenget var relativt greitt å gå i. På enkelte parti var det ganske bratte stigningar, men stort sett var det fint å gå, og ikkje for tungt. Det vart også ein del stopp undervegs, inkludert matpausar. Vi hadde det tross alt ikkje travelt. Det fine er og at når ein går i lag med andre og har folk å snakke med undervegs, så går tida som regel fort.

IMG_0981 IMG_7586 IMG_7568 IMG_0999

Eg vart sjuk i forkant av turen, noko som sjølvsagt var dårleg timing. Eg trudde eg hadde fått influensa, men det viste seg å vere ein ganske kraftig lungebetennelse. Eg valte likevel å gjennomføre turen, noko eg ikkje angrar på. Til tross for litt ubehag gjekk det relativt greitt, og eg føler eg fekk bra utbytte av turen.

Den første dagen gjekk som sagt med til gåing. Til tross for sjukdommen var eg ein av dei første som ankom hytta. Vi var ei ganske stor gruppe på mellom 40 og 50 personar, og då er det jo fort for at ein blir litt spreidd utover når ein skal gå over så lange distanser. Patchellhytta låg fint til for seg sjølv i ein dal med fantastisk utsikt i alle retningar, inkludert Slogen, som ruva i bakgrunnen bak hytta. Når vi kom oss innandørs vart det raskt fyrt opp i vedomnane, så vi fekk fort varmen i oss. Patchellhytta ligg på 818moh, og kombinert med det utrivelige været vi hadde, vart det fort kaldt.

IMG_7566 IMG_1013 IMG_1003 IMG_7578

Eg vart fort positivt overraska over den gode standarden på Patchellhytta, og ikkje minst, størrelsen. På førehand visste eg at hytta låg ganske isolert inne på fjellet, utan straum og innlagt vatn. Dette viste seg å ikkje være noko problem. Hytta var stor og romslig, og heldt ein moderne standard. Det var vedomnar i heile hytta, så det var ikkje noko problem å få opp varmen. Det var også installert 12-volts solcelle-anlegg, med lys i alle rom. Mangel på vatn var det heller ikkje. Nokre få meter like utanfor hytta var det laga til brønn med ei kran som hadde konstant vasstrykk. Og dersom ein hadde behov for oppvarma vatn, var begge kjøkkena i hytta utstyrt med gasskomfyrar. Hytta har nyleg vore påbygd, og eg sjølv oppfatta den som veldig romsleg. Sengeplassar var det nok av for det store følgjet vårt på nesten 50 personar. Den siste utbygginga hadde også inkludert toalett i eige nybygg, noko som spesielt jentene i gruppa satt stor pris på.

I løpet av opphaldet samla eg ein del råmateriale, og har ut i frå det laga ein film. Der prøver eg på best mulig måte prøver å presentere Patchellhytta, med håp om at andre også vil ta den same turen. (Innlegget fortsetter under videoen.)

Det er fleire ruter å velje mellom dersom ein vil besøke Patchellhytta. Nokre av desse er betydeleg kortare, men kan og by på større stigningar i terrenget. Ut i frå dette vil eg nok tru at dersom ein tar seg god tid, og legger inn kvile- og matpausar der det er behov, er nok dette ein tur som dei aller fleste vil klare, uavhengig av tidlegare erfaring frå fjellet eller fysisk form. Link til kart HER.

Ellers vil eg berre sei at eg hadde 3 flotte dagar på Patchellhytta. Det er utrulig kor godt det kan vere å kome seg vekk frå maset i kvardagen til ein plass der det verken er mobildekning eller andre distraksjonar. Eg vil og nytta sjansen til å sei takk for turen til alle mine turkameratar. Følg gjerne med på bloggen min for innlegg frå kommande turar.

Patchellhytta (2 versjon)

Andre versjon.

Dette blogginnlegget er det første i ein serie der eg framover vil fortelje om mine opplevingar i fjella her på Sunnmøre. Eg vil prøve å oppdatere med nye innlegg fortløpande etter kvart som nye turar vert gjennomført.

Denne gongen har eg vore på tur med Outdoor Media Production klassen min til Patchellhytta i Stranda kommune, som ligg fantastisk til ved foten av fjellet Slogen. Slogen er eit av dei mest kjente og mest besøkte fjella på Sunnmøre, og er utan tvil verdt eit besøk. Toppen ligg på heile 1564 moh, og er dermed ein av dei høgste toppane blant Sunnmørsalpane.

Ålesund

Last week, my Outdoor Media Production class went on a trip to Ålesund, as a part of the introduction to our last assignment this semester. Our day started at the viewpoint Fjellstua in central Ålesund. From there we had a great view over the city, although somehow limited due to the heavy rain.

IMG_8030

From there, we went to Jugendstilsenteret, where we got to learn a lot about Ålesunds history and architecture. The last place we were going to visit this day was Jacu. This is a small coffee manufacturer in central Ålesund. There we got to meet a man representing Destination Ålesund & Sunnmøre. He was the one that gave us our assignment, where we would make campaign films for his company, that presented all the great things Ålesund and the Sunnmøre region has to offer. Due to this being a very hectic time for us, I am very excited about this assignment, and I think it is going to be a great fun working on it.

Photo 28.10.14, 11.05.15 Photo 28.10.14, 11.04.44

Unfortunately the heavy rain made it really difficult photographing, and i therefore didn’t end up with any photos i was satisfied with. But from the few i did get, the three photos in this post are the ones i think presents Ålesund as a tourist destination in the best way.

Patchellhytta

IMG_1013

Dette blogginnlegget er det første i ein serie der eg framover vil fortelje om mine opplevingar i fjella her på Sunnmøre. Eg vil prøve å oppdatere med nye innlegg fortløpande etter kvart som nye turar vert gjennomført.

Denne gongen har eg vore på tur med Outdoor Media Production klassen min til Patchellhytta i Stranda kommune, som ligg fantastisk til ved foten av fjellet Slogen. Slogen er eit av dei mest kjente og mest besøkte fjella på Sunnmøre, og er utan tvil verdt eit besøk. Toppen ligg på heile 1564 moh, og er dermed ein av dei høgste toppane blant Sunnmørsalpane.

Vi reiste frå Volda med bil tidleg på morgonen, og kjørte direkte til Sæbø. Der tok vi ferga over til Leknes, og kjørte så vidare ca. 6km. Der starta den mest omfattande delen av turen: gåinga. Det var ein god distanse samt ein god del høgdemeter som skulle tilbakeleggast. Gåinga gjekk relativt greitt, sjølv for ein som er såpass utrent som meg sjølv. Det vart mange timars gåing, men terrenget var relativt greitt å gå i. På enkelte parti var det ganske bratte stigningar, men stort sett var terrenget fint å gå i, og ikkje for tungt. Det vart også ein del stopp undervegs, inkludert matpausar. Vi hadde det tross alt ikkje travelt. Det fine er og at når ein går i lag med andre og har folk å snakke med undervegs, så går tida som regel fort.

IMG_0981 IMG_7586  IMG_7568 IMG_0999

Eg vart dessverre sjuk i forkant av turen, noko som sjølvsagt var utruleg dårleg timing. Eg hadde fått noko eg trudde var influensa, men som i etterkant viste seg å vere ein ganske kraftig lungebetennelse. Eg hadde håpt at eg skulle bli så godt som frisk til avreise. Det skjedde sjølvsagt ikkje. Men valte likevel å gjennomføre turen, noko eg ikkje angrar på. Til tross for litt ubehag gjekk det relativt greitt, og eg føler eg fekk bra utbytte av turen.

Den første dagen gjekk som nemnt stort sett med til gåing. Utrulig nok var eg ein av dei første som ankom hytta, til tross for sjukdommen som nemnt. Vi var ei ganske stor gruppe på mellom 40 og 50 personar, og då er det jo fort for at ein blir litt spreidd utover når ein skal gå over så lange distanser. Patchellhytta låg fint til for seg sjølv i ein dal med fantastisk utsikt i alle retningar, inkludert Slogen, som ruva i bakgrunnen bak hytta. Når vi kom oss innandørs tok det ikkje lang tid før det vart fyrt opp i vedomnane, så vi fekk fort varmen i oss. Patchellhytta ligg på 818moh, og kombinert med været vi hadde, vart ein fort kald når ein ikkje var i bevegelse.

IMG_7566 IMG_1013 IMG_1003 IMG_7578

Eg vart fort positivt overraska over den gode standarden på Patchellhytta, og ikkje minst, størrelsen. På førehand hadde eg blitt informert om hytta låg ganske isolert inne på fjellet, utan straum og innlagt vatn. Dette viste seg å ikkje ha noko negativ betyding. Hytta var stor og romslig, og heldt ein moderne standard. Det var plassert vedomnar rundt i heile hytta, så det var som nemnt ikkje noko problem å få opp varmen. Det var også installert 12-volts solcelle-anlegg som dekka heile hytta med lyspunkt i alle rom. Varme og lys var med andre ord ikkje noko utfordring. Ei heller mangelen på innlagt vatn. Nokre få meter like utanfor hytta var det laga til brønn med ei kran som hadde konstant vasstrykk. Altså ikkje noko problem å få henta vatn. Og dersom ein hadde behov for oppvarma vatn, var begge kjøkkena i hytta utstyrt med gasskomfyrar. Hytta har nyleg vore påbygd, og eg sjølv oppfatta den som veldig romsleg. Det var ikkje mangel på sengeplassar for det store følgjet vårt på nesten 50 personar. Den siste utbygginga hadde også inkludert toalett i eige nybygg, noko som spesielt jentene i gruppa satt stor pris på.

I løpet av opphaldet samla eg ein del råmateriale, og har ut i frå det laga ein film. Der prøver eg på best mulig måte prøver å presentere Patchellhytta, med håp om at andre også vil ta den same turen. (Innlegget fortsetter under videoen.)

Den ruta vi nytta for å kome oss til Patchellhytta var som nemnt relativt lang, vi brukte nok mellom 4 og 5 timar kvar veg. Dette innebar riktig nok fleire stopp, og eit relativt moderat gangtempo. Dette er derimot ikkje den einaste muligheita, det er fleire ruter å velje mellom dersom ein har Patchellhytta som mål. Nokre av desse er betydeleg kortare, men kan og by på større stigningar i terrenget. Ut i frå dette vil eg nok tru at dersom ein tar seg god tid, og legger inn kvile- og matpausar der det er behov, er nok dette ein tur som dei aller fleste vil klare, uavhengig av tidlegare erfaring frå fjellet eller fysisk form.

Uten navn
Ellers vil eg berre sei at eg hadde 3 flotte dagar på Patchellhytta. Det er utrulig kor godt det kan vere å kome seg vekk frå maset i kvardagen til ein plass der det verken er mobildekning eller andre ting som kan forstyrre ein. Sjølv om vi hadde opplegg og var opptatt stort sett heile dagane, er det fascinerandes kor avslappa ein blir av å vere på ein sånn plass, langt vekke frå alt og alle.

Eg vil nytta sjansen til å sei takk for turen til alle mine turkameratar. Følg gjerne med på bloggen min for innlegg frå kommande turar.

Tourism marketing from 1990-2010

Dette innlegget er ein refleksjon over artikkelen Tourism marketing from 1990-2010 av Daniel R. Fesenmaier og Zheng Xiang.

Eg vil i dette innlegget ta føre meg det eg meiner er dei viktigaste punkta i artikkelen, og reflektere over desse.

Det er tydeleg at denne artikkelen dreier seg om kva for innvirkning innføringa av internett hadde på turistnæringen. Artikkellen er innom litt forksjellige emner, men det skinner i gjennom at det er internett som er ryggraden for forskinga som eg gjort.

Sånn det kjem fram av artikkelen, er det tydelig at innføringa av internett førte med seg både vesentlige fordelar og ulemper. På den positive sida auka selskapa sin muligheit til å nå ut til andre område og folkemengder kraftig, samtidig som desse muligheitene vart like forsterka hos samtlige konkurrentar. Innføringa av internett gav på ein måte alle det same grunnlaget. Dei forskjellige selskapa fekk muligheita til å kommunisere nærmare med både nye og eksisterande kundar.

Det kjem fram i starten av artikkelen at turistindustrien raskt vart ein av leiarane på internett. Dette kom litt overraskande på meg. Eg har aldri tvilt på at turistindustrien var ein omfattande næring, men eg hadde aldri sett for meg at dei var så store at dei var med på å forme internett i oppstarten. Hadde det vore snakk om i dagens samfunn, hadde eg kanskje hatt enklare for å sjå det for meg. Eg føler at folk reiser mykje meir no enn tidligare, og eg ville trudd at turistnæringa derfor ville vore betydeleg større i dag.

I artikkelen vert det opplyst at websider tok over for brosjyrer i ein tidlig fase. Sånn som eg forstår det ut i fra artikkelen vart brosjyrene dermed erstatta av nettsider allerede på 90-tallet. Eg sliter litt med å sjå at teknologien den gong var god nok til å kunne tilsidesette noko så innarbeidd som turistbrosjyrer. For det andre var det ein veldig begrensa del av verdas befolkning som hadde tilgang til pc med internett. Eg ser rett og slett ikkje at dette kunne vere nokon god strategi. Hadde det vore snakk om i dagens samfunn med smartphones, nettbrett og liknande, kunne eg derimot forstått det. Forfattarane kjem inn på viktigheita av smartphones seinare i artikkelen. Eg kjem sjølv frå ei turistbygd langs ein vestlandsfjord, og sjølv om internett kanskje er viktig for å nå fram over landegrenser og liknande, speler brosjyrer fortsatt ei viktig rolle i turistmiljøet på heimstaden min. Men dette er kanskje skilnader frå store kommersielle turistmaskiner og ein liten turistregion.

I artikkelen kjem det fram at på 90-talet vart kjernemodellen for turistnæringa endra. Leiarane i turistbransjen begynte å forstå at ei reiseoppleving er eit produkt som kan selgast på lik linje med andre produkt. Eg finner det veldig interessant at det gjekk så lang tid før denne vinklinga vart oppdaga og tatt i bruk. Det er tross alt ikkje snakk om ein ny bransje. Samtidig var internett her fortsatt i ein så tidleg fase, at eg som nemnt ovanfor ikkje heilt ser føre meg kva for innvirking dette nye mediet kan ha hatt.

Vidare får me vite at kundane no stilte større krav om spesielt tilrettelagte personifiserte opplevingar, og at kampen om kundane no vart meir global med bakgrunn i nye tenester som til dømes Expedia. Sidan Expedia vart lansert i 2001, er det tydeleg at vi no har flytta oss til den andre sida av årtusenskiftet. Eg vil også nemne at artikkelen kunne ha trengt ein del meir klare henvisningar til årstal, då det kan til tider bli litt vanskelig å følgje flyten i dei forskjellige avsnitta.

Ut i frå artikkelen kjem det fram at merkevareskaping eller destination branding har vore eit viktig verkemiddel dei siste par tiåra. Dei forskjellige aktørane skal ha prøvd å kopiere store etablerte selskap som Nike og Coca-Cola, og lage reklamekampanjar tilsvarande desse. Desse metodane kjenner eg sjølv igjen frå den verkelege verda. Ein ser jo ofte korleis kjente reisemål i varmare strøk blir pressa på folk gjennom reklamekampanjer som om det skulle ha vore eit kva som helst anna produkt. I artikkelen her er det sjølvsagt internett det vert fokusert på, men eg må seie at eg kjenner nesten like godt til denne reklametypen frå henholdsvis TV, aviser osv. Derimot vil eg tru at i framtida er det tilnærma utelukkande på internett vi vil finne denne typen marknadsføring. Tv og tradisjonelle medium mistar stadig oppslutning, og dermed vil nok internett verte ein av dei viktigaste marnadsføringskanalane i framtida. Dette vil nok også fleire og fleire etter kvart forstå, både innanfor turistbransjen og andre. Men vidare i artikkelen les vi at turistbransjen arbeider etter nye strategiar, og at dei som driv med marknadsføring i turistbrasjen må i staden for reklame og promotering, i stadig større grad fokusere på å være ein del av det online samfunnet. Sosiale medier har verkeleg slått ann som ei ny strategisk plattform for marknadsføring. Det første som slår meg her er Facebook. Dei aller fleste har nok opplevd å få reklame for feriar eller reisemål i nyhetsfeeden sin, og det er utvilsomt ein reklamekanal der ein når ut til eit stort puplikum. Eit anna spørsmål er kor seriøst denne reklamen vert oppfatta av brukarane som muligens kan sjå på det som spam. Men samtidig trur eg ikkje at reklame er utelukkande det som er meint når det vert snakka om auka bruk av sosiale medier. Stadig auka bruk gjer at dei reisande deler mykje detaljar om reisene sine med kvarandre, og dermed er det lett og forstå at dei forksjellige turistnæringsselskapa ønsker å vere ein del av dette. Dette gjer selskapa muligheita til å skaffe seg ei oversikt over informasjonen som vert delt, og dei får dermed ei sjanse til å minimere innhaldet av uformell informasjon, og informasjon som kan skade merkevarene.

For å oppsummere har eg no lært at turistnæringa har vore i gjennom ei voldsom endring dei siste 20 åra, noko som har vist seg å vere mykje meir omfattande enn eg hadde sett for meg, og det kan vel nesten sjåast på som ein liten intern revolusjon.. innføringa av internett har vore grunnkjerna i denne omveltinga, både på godt og vondt.

1 2 3 4