Ulik djubdeskarpheit

Brennvidde: 21.0 mm, 1/250 sek, f/10.0,ISO:400

Forskjellen på effekten av dei to bileta er at på det biletet med lav djubdeskarpheit er blir blikkfanget meir på naturen bak, medan det på bildet med stor djubdeskarpheit i større grad  hamnar på treet.

Brennvidde: 21.0 mm,1/220 sek,f/5.5,ISO:400

Ulik brennvidde

Bildet over: Brennvidde: 49.0 mm, 1/60 sek, F/5.6, ISO:400

Bildet under: Brennvidde: 35.00 mm, 1/60 sek, F/4.5, ISO:400

Effekt: På det nedste blidet føler ein at ein kjem nærmare inn på personen, medan ein på biletet over får eit meir standard “familie-selskap-bilde,” bildet med lav brennvidde skapar meir følelsar, mykje fordi det ikkje inneheld like mange av dei forstyrrande elementa som biletet ovanfor inneheld.

Bileter som gjer inntrykk på meg

Bilde1. NC

Eit bilete som påverkar meg gjennom at det gir ein enorm lykkekjensle, dette har mykje med å gjere at eg kjenner til historia bak biletet, der åram sitt damelag i siste speleminutte har scora seiersmålet i semifinalen og lokaloppgjeret mot Bergsøy i Norway cup 2011, dette er sann idrettsglede. Samstundes ser ein at lukkartida må vere rimelig kort i og med at den har klart å fange opp spelarane i bevegelse, når dei kastar seg om halsen på kvarandre,samstundes som at den godt kunne vore lavare i og med at bildet likevel er litt uskarpt,  i tillegg det ei nokså høg djubdeskarpheit, fokuset ligg på spelarane og ikkje på publikummet bak, noko som eg trur er viktig sidan, dette ville verka forstyrrande på bildet. ISO-verdien ser ut til å vere nokså lav sidan biletet er litt mørkt, og brennvidda vil eg også tru er lav på dette bildet.

Bilde 2. Heimbygda

Eit bilete av heimbygda mi i skarpe haustfargar, som skapar ein enorm godkjensle blanda med nostalgi hos alle som kjem derifrå. Har du lese vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal vil du kunne kjenne att mykje av landskapet.

Ein kan sjå at det er låg djubdeskarpheit på biletet, alle detaljar er med. I tillegg er lukkingstida relativt kort, sidan ein får med mellom anna bevegelsane i sjøen, dette er med på å skape liv i biletet, i tillegg er det er brukt ei passe høg brennvidde som gir oss eit vidt innsyn over bygda.

Gruppearbeid

Fan av skippertak som eg er, skriv eg likegodt 2 innlegg på ein dag, dette innlegget kjem til å handle om gruppearbeidet vårt. Vi fekk tildelt eit kapittel i tekst 2.0 boka, og skulle halde ein 10 minutts presentasjon om dette, min del handla om Mashup, personleg publisering og intertekstualitet.

Intertekstualitet: blei lansert av Litteraturteoretiker Julia Kristeva i 1966,som forklarte det slik: «en hver tekst tar form som en mosaikk av sitater, enhver tekst absorberer og transformerer andre tekster.» Slik står alle tekstar i gjeld til andre tekstar. Men forutsetninga for at lesaren skal oppfatte det intertekstuelle spelet, er at han kjenner til teksten det blir vist til.

Personleg publisering: Flickr og youtube e 2 hovudtypen nettsammfunn:personlege publiseringstjenesar. Nettstadane tiltrekke sei publikum ikkje berre fordi dei fungerar som enorme arkiv og skueplassa for bilde og film, men også gir rom for interaktivitet:kommentere medieinnhald, foreta avstemninga etc . for innhaldsprodusentet er det viktegast å skaffe seg eit publikum.  Det e dei andre brukarane som løfta dei fram,  imotsetning til den tradisjonelle tv.kjendisen der du blir handplukka, er de brukaren som gjer dei berømt. Youtubevideoar er også et eksempel på korleis slike nettstadar(for pers.publ.) synleggjer intertekstualitet: ytringane blir til i eit spel med andre ytringar, tekstane skapas alltid i ein kontekst og har spor i seg av andre tekstar.

Mashup: ei nettside kan vere sett saman av foreks skriftblokker,animasjonar og film + interaktive funksjonar. Kvart info.element e lagra som uavhengige filer. Slike løysingar gjer det mogleg å bygge nye nettsider ved å kombinere element frå ulike kjeldar.Slik gjenbruk dannar mashup. 2 viktige trekk karrakterisera en slik mashup: tids-og stadsspesifikk info blir automatisk henta ut av ulike kjeldar.2. informasjonssamlinga blir kombinert med et sosialt aspekt.(brukarstyrte samtalar om emnet.) MU forutset og har som konsekvens reknotekstualisering:info.element hentast ut frå sin opprinnelige samanheng og blir sett inn i ein ny. Et kvart element kan få endra sitt betydningsinnhald. Tekst i stikkordsform: Julia Kristeva (1966): «En hver tekst tar form som en mosaikk av sitater, enhver tekst absorberer og transformerer andre tekster.» 2.hovudtypen nettsammfunn: personlege publiseringstjenesar; gir rom for interaktivitet. Viktegast for innhaldprodusenten å skape seg eit publikum. intertekstualitet: ytringane blir til i eit spel med andre ytringar. Mashup: bygge nye nettsider ved å kombinere element frå ulike kjeldar.Slik gjenbruk dannar mashup. 2 trekk karrakterisera en slik mashup: 1. tids-og stadsspesifikk info blir automatisk henta ut av ulike kjeldar.2. informasjonssamlinga blir kombinert med et sosialt aspekt. MU forutset og har som konsekvens reknotekstualisering (Med forbehold om skriveleifa:))

Ei oppdatering

Okei, er ikkje særleg dyktig på desse blogg-greiene, men no kjem det i alle fall ei oppsummering av ein del ting vi har gjort i det siste. Vi startar med, hald dykk fast, ein link til Hildes`blogg og mindmapet vi laga her ein time: http://minerva.hivolda.no/~hildevf/blog/?p=26

Vi fekk i oppgåve å lage eit tankekart der tema var korleis ein VGS-elev kan bruke digitale verktøy i hans/hennar læring. Tankekartet er laga med Mindomo, og du kan kome til nettsida her.

Dag 1. Ein introduksjon til internætet

Dagen i dag har stort sett gått ut på å sette seg inn i forskjellige program som vi kan ha nytte av, evt er nøydd til å bruke,  i løpet av studietida. Var eg den einaste som fekk ein aldri så liten kjensle av skulestil i denne innleiinga?

Beklagar digresjonen, tilbake til saka, vi har altså, somme litt meir kaldsveitte og småstressa enn andre, prøvd å setje oss inn i forskjellige hjelpemidlar(også kjendt som nettsider). Som sjølverklært teknisk geni, var dette sjølvsagt ingen problem. (og folk påstår ironi eignar seg dårleg på trykk?!)

Etter ein, om enn litt kronglete start, gjekk ting nokså “radigt”. Berre for å nemne eit par, er eg no offisielt på “Evernote”, “Diigo”, denne bloggen og sjølvsagt “Twitter”, som eg blei meir eller mindre frivillig tvungen inn på allereie for eit par år sidan. Trass i evna mi til å late som eg har peiling, kjem eg ikkje med meir info rundt desse sidene før i eit seinare innlegg, etter at eg har fått testa ut litt og fått hakket meir erfaring med dei.

For øvrig er det også mogleg å få “apps” til fleire av desse programma, med unntak av om du, som meg, har ein nokia(sjølvsagt grunna at den hadde det mest fancy designet), nokia veit de: connecting people.

Sidan det korte ofte er det beste, kan vi oppsummere kort med å seie at alt i alt kan ein vel seie at dette har vore nok ein særs matnyttig dag. Eller som i god, gamal skulestil-tradisjon: og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild dag. 

 Dette vert spennande, så følg med!