Bileter som gjer inntrykk på meg

Bilde1. NC

Eit bilete som påverkar meg gjennom at det gir ein enorm lykkekjensle, dette har mykje med å gjere at eg kjenner til historia bak biletet, der åram sitt damelag i siste speleminutte har scora seiersmålet i semifinalen og lokaloppgjeret mot Bergsøy i Norway cup 2011, dette er sann idrettsglede. Samstundes ser ein at lukkartida må vere rimelig kort i og med at den har klart å fange opp spelarane i bevegelse, når dei kastar seg om halsen på kvarandre,samstundes som at den godt kunne vore lavare i og med at bildet likevel er litt uskarpt,  i tillegg det ei nokså høg djubdeskarpheit, fokuset ligg på spelarane og ikkje på publikummet bak, noko som eg trur er viktig sidan, dette ville verka forstyrrande på bildet. ISO-verdien ser ut til å vere nokså lav sidan biletet er litt mørkt, og brennvidda vil eg også tru er lav på dette bildet.

Bilde 2. Heimbygda

Eit bilete av heimbygda mi i skarpe haustfargar, som skapar ein enorm godkjensle blanda med nostalgi hos alle som kjem derifrå. Har du lese vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal vil du kunne kjenne att mykje av landskapet.

Ein kan sjå at det er låg djubdeskarpheit på biletet, alle detaljar er med. I tillegg er lukkingstida relativt kort, sidan ein får med mellom anna bevegelsane i sjøen, dette er med på å skape liv i biletet, i tillegg er det er brukt ei passe høg brennvidde som gir oss eit vidt innsyn over bygda.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>