Dag 1. Ein introduksjon til internætet

Dagen i dag har stort sett gått ut på å sette seg inn i forskjellige program som vi kan ha nytte av, evt er nøydd til å bruke,  i løpet av studietida. Var eg den einaste som fekk ein aldri så liten kjensle av skulestil i denne innleiinga?

Beklagar digresjonen, tilbake til saka, vi har altså, somme litt meir kaldsveitte og småstressa enn andre, prøvd å setje oss inn i forskjellige hjelpemidlar(også kjendt som nettsider). Som sjølverklært teknisk geni, var dette sjølvsagt ingen problem. (og folk påstår ironi eignar seg dårleg på trykk?!)

Etter ein, om enn litt kronglete start, gjekk ting nokså “radigt”. Berre for å nemne eit par, er eg no offisielt på “Evernote”, “Diigo”, denne bloggen og sjølvsagt “Twitter”, som eg blei meir eller mindre frivillig tvungen inn på allereie for eit par år sidan. Trass i evna mi til å late som eg har peiling, kjem eg ikkje med meir info rundt desse sidene før i eit seinare innlegg, etter at eg har fått testa ut litt og fått hakket meir erfaring med dei.

For øvrig er det også mogleg å få “apps” til fleire av desse programma, med unntak av om du, som meg, har ein nokia(sjølvsagt grunna at den hadde det mest fancy designet), nokia veit de: connecting people.

Sidan det korte ofte er det beste, kan vi oppsummere kort med å seie at alt i alt kan ein vel seie at dette har vore nok ein særs matnyttig dag. Eller som i god, gamal skulestil-tradisjon: og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild dag. 

 Dette vert spennande, så følg med!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>