Arbeidskrav – MID111

  1. INNLEIING

I denne oppgåveteksten skal eg ta føre meg dei to undersøkingane. ”Medietilsynet: Barn og Medier 2014”, ei undersøking laga av medietilsynet, og ”En mobil hverdag”, som er ei masteroppgåve i medievitenskap skriven av Kristin Øye. Begge handlar om mediebruken blant unge no til dags. ”Medietilsynet: Barn og medier 2014” handlar spesifikt om barn og unges (9-16 år) sin bruka og opplevingar av medier og ”En mobil hverdag” er ei studie over korleis ei gruppe med tolvåringar i Oslo brukar sin mobiltelefon og kva rolle denne bruken speler i deira si sosialisering.I denne teksten vil eg fyrst presentere kva funn undersøkelsane gjorde, for så å samanlikne funne og sjå om det er ein fellesnemnar der. Eg vil deretter avslutte med ein konklusjon

2. TEORI

2.1 «En mobil hverdag» av Kristin Øye

Som sagt tek denne undersøkinga føre seg tolvåringar i Oslo og kva forhold dei har til mobil og mobilbruk. Undersøkinga vart gjennomført i 2007 med 104 deltakerar fordelt rundt på 3 forskjellege skular i Oslo. Der skule nr.1 ligg i vest, skule nr. 2 ligg i aust og skule nr. 3 ligg i nærheita av Oslo sentrum (Øye (2010), s.27). Dette er for å sjå kor store forskjellar det er om ein er busatt på forskjellege plassar rundt i Oslo. For å sjå om kvar du bur eller går på skule har noko å seie om dine mobile brukervanar.

Målet med denne undersøkinga var at Øye ville finne ut korleis mobilen påverkar ein 12-åring frå Oslo og korleis den vert nytta som eit verktøy. Øye gjennomførte undersøkinga todelt. I del 1, som tek føre seg elevane sin generelle bruk laga ho eit spørjeskjema som innehaldt 47 spørsmål som skulle besvarast ved hjelp av avkryssing av alternativ. Del 2, som skulle dekke den sosiale delen ved mobilbruken, vart gjennomført ved munnlege gruppeintervju. Foremålet med dette var å skape ei oversikt og ein statistikk som ein kunne bruke ved den generelle delen, og for å få meir utdjupa og begrunnna svar i forhold til den sosiale delen.
Øye gjennomfører ei lang analyse av dei svara ho har funne, før ho konkluderar med dette utsagnet: ”Basert på funnene i min undersøkelese blant 105 tolvåringer i Oslo i 2007, syntes mobiltelefonen å spille en relativt viktig rolle i tolvåringers sosialiseringsprosess. Det syntes å vere flere positive enn negative følger av tolvåringenes bruk av mobiltelefonen. Ut fra det tolvåringene selv sa, var mobbing vi mobilen nærmest ikke-eksisterende, selv om småerting kunne forekomme» (Øye (2010), s.98)

2.2 «Barn og Medier» av Mediatilsynet

Mediatilsynet si undersøking var meir kvantitativ enn Øye si undersøking. I mediatilsynet vart undersøkinga gjennomførd ved 71 skular med 1950 elevar. Ipos MMI gjennomførde og utarbeida denne undersøkinga på oppdrag frå Mediatilsynet. Dei som gjennomførde denne undersøkinga, var born mellom 9 og 16 år, med andre ord 4-10.klassingar. Undersøkinga vart gjennomført ved hjelp av eit elektronisk spørjeskjema på nett. Den vart gjennomført over ca. 8 veker, frå November 2013 til Januar 2014. Under verving og utfylling av spørjeskjemaet vart det ført kontinuerlig kontroll med utvalget for å sikre seg at besvarelsane skulle dekke og sikre representativitet på kjønn, alder og geografi (Mediatilsynet (2014)  s.13, s.16)

2.3 Begrep

2.3.1 Kvantitativ metode

Kvantitativ metode er ei undersøking som analyserar eit stort antall einheiter, som for eksempel land, personar eller bedrifter. Formålet med kvantitativ analyse er gjerne å teste ei hypotese, det vil si å finne ut om en antakelse om verkelegheita stemmer overeins med den datainformasjonen ein har.

For eksempel kan ei kvantitativ analyse studere samanhengen mellom eit lands politiske styreform og aukonomisk vekst, eller samanhengen mellom alkoholbruk i eit fylke og ulykker i trafikken (SNL 2014).

2.3.2. Kvalitativ metode

Kvalitativ, det som har med nokons eigenskapar eller kjenneteikn å gjere, i motsetning til det som har med antall (kvantativt) å gjere.

Kvalitativ forskning, er ei forskingsmetode som vektlegg forståing og analyse av samanhengar i ein prosess ved den enkelte framfor opptelling av fenomener eller kjenneteikn ved ei gruppe individ. Kvalitativ forskning er viktig for å utvikle bedre forståing av individ (for eksempel motivasjon, kjensler, haldningar, kognitive prosesser) og dermed utvikle nye teoriar og hypoteser som i neste omgong kan utprøvast i kvantitative studier (SNL (2015).

3. DRØFTINGSDEL

3.1 Hovudfunn ved «En mobil hverdag»

I denne undersøkinga hadde alle, som nemnd i tittelen på undersøkinga, ein mobiltelefon. 45.2% av desse sender og mottek 1-7 SMSar i veka, imens 62,5% av dei som tok undersøkinga sender og mottek 1-4 SMSar dagleg. Dei fleste meldingsutvekslingane desse ungdommane gjer gjennom SMSane er fyrst og framst til mødre, tett etterfulgt av venner, bestevennar og til slutt far (Øye (2010), s.57). Rundt 40% seier at desse meldingsutvekslingane går ut på å anten gi beskjedar eller gjere avtalar (Øye (2010), s.59).

Majoriteten, som ligg på 74,8%, verken mottek eller sender nokre MMSar dagleg, og 67% sender eller mottek ingen MMSar vekentleg. Av dei som har svara at dei sender MMS, blir majoriteten av dei MMSane dei sender, sendt til bestevenner og venner, men også til andre klassekameratar og foreldre (Øye (2010), s. 66-69)

Majoriteten på rundt 57,3% spelar nokre få gonger på mobiltelefonen. Om dei først spelar, spelar dei som oftast åleine. 24,4 har svara alltid åleine, 61.1 har svara som regel åleine og berre 14.4% har skrive at dei som regel spelar saman med andre (Øye (2010), s.76-77).

Dei fleste av deltakarane slo sjeldan av mobiltelefonane sine. Eit av unntaka var skulen, der dei skrudde den av eller hadde den på lydlaus pga. reglementet. Dei fleste svarar også at dei meiner at telefonen burde skruast av på kino, teater og bursdagar av det hensynet at det kan vere uhøfleg å ha den på.

Det vart også spurt i undersøkinga om kor lenge dei kunne klara seg uten telefon. Mange svara at dei kunne klart seg uten i eit par veker, og andre sa at dei kunne klare seg uten nokre månedar, men eit gjennomgåande svar på spørsmålet var at dei kunne klart seg uten telefon, men det det ville vore annerledes og kanskje til og med litt vanskeleg (Øye (2010), s.78)

3.2 Hovudfunn ved «Barn og medier»

98% av dei som svara på undersøkinga hadde tilgong til TV, 95% hadde tilgong til ein PC eller Mac, 94% til DVD eller Blu-rayspelar, 86% til spelkonsoll og 82% hadde tilgong til eit nettbrett. Gutane i undersøkinga har best tilgong til DVD/Blu-Rayspelar, spelkonsollar og TV, men har mindre tilgong til nettbret eller PC/Mac enn jentene. Litt over halvparten seier at dei ser på film eller tv oftast saman med andre og rundt halvparten spelar data eller spelkonsollar åleine.  2/3 seier at dei oftast er åleine når dei sitt på internett og 75% er åleine når dei sitt på mobiltelefonen.

Blant born i alderen 9-11 år ser Disney Channel ut til å vere det mest populære, både for gutar og jenter. Men undersøkinga viser at jo eldre ein blir, går desse preferansane i forskjellege retningar. I alderen 12-14 interesserar gutane seg meir for seriar som ”The Big Bang Theory” og ”Family Guy” og jentene for seriar som ”Farmen” og ”Glee”. Men blant ungdommane i 16 årsalderen er gutane meir interesserte i ”Farmen” og ”The Walking Dead” og jentene i ”Pretty Little Liars” og ”The Vampire Diaries” (Medietilsynet (2014), s.9)

77% oppgir at dei bruker internett dagleg. Jentene sitt oftare på chattesider eller andre sosiale nettstadar, imens gutane er meir interesserte i videosider, som t.d. Youtube, og nyheitssider. Jentene ser ut til å vere meir aktive på forskjellege bildedelingstenester som Snapchat eller Instagram, og blant gutane er Facebook, Skype og YouTube mest populært (s.52). Blant TV-spel er Minecraft, FIFA og GTA mest populært blant gutar. Minecraft er mest populært i alderen 9-11 år, og GTA og FIFA blant ungdom mellom 12 til 16 år. Jentene foretrekk spel som ”MovieStarPlanet” og ”Minecraft”, og Candy Crush, SIMS og Hay Day er populært blant jentene som er eldre enn 12 år (Mediatilsynet (2014), s.9)

13% har opplevd at nokon har mobba eller vore slemme med dei på internett eller via mobiletelefonen i løpet av det siste året. 7% har opplevd å blitt trua og 11% har blitt triste eller sinte over bilete som har blitt lagt ut av dei. Det er fleire jenter enn gutar som har opplevd dette. Omkring halvparten borna i alderen 9-16 år har anten sagt fra eller rapportert om noko som har skjedd på internett. Av desse er 52 % jenter og 38% gutar. Dei fleste har anten repportert til nettsida eller til foreldra. Omkring halvparten av dei som rapporterte, seier at dei fekk hjelp og 7 av 10 veit kven dei skal kontakte om dei vert utsett for digital mobbing eller om dei skulle oppleve å få informasjon eller bilete på avveie på internett (Mediatilsynet, s.11-12)

3.3 Gjennomføring av undersøkinga

Desse 2 undersøkingane har forskjellege tilnærmingar. ”En mobil hverdag” av Kristin Øye tek føre seg 3 grunnskular rundt i Oslo og ”Barn og Medier” av Mediatilsynet tek føre seg 1950 elever på 71 skular.  Øye var rundt på dei skulane ho hadde undersøkingane og kunne difor svare på spørsmål angåande spørsmål og diverse i undersøkinga, som og førte til at ho stort sett fekk dei svara ho ønska seg. Ho gjennomførte undersøkinga ved hjelp av papir, noko som gjorde at ho støta bort i problem som kunne vore lettare å løyse enn om ho hadde gjennomført den gjennom eit elektronisk spørjeskjema. Deriblant på spørsmål der nokre hadde kryssa av på fleire alternativ enn det som var tillatt.
Øye gjennomførte også ei meir kvalitativ undersøking ved å intervjue ei gruppe med 12-åringar for å kunne gå djupare inn på spørsmåla. Dette kan vere positivt mtp. at dei kan svare meir utfyllande muntlig enn dei moglegens kunne ha gjort på papir, men på ei anna side kan dei også påvirke svara til kvarandre. Det kan vere ubehageleg å svare på nokre spørsmål av ulike grunnar. Så ein kan kanskje seie at Øye si undersøking var meir kvalitativ enn kvantitativ og at medietilsynet si undersøking er meir kvantitativ enn kvalitativ. Mediatilsynet hadde gjennomtenkt gode og relevante spørsmål, og ein får ei god basisforståing over kor gjennomsnittet blant barn og ungdom mellom 9 og 16 er, men ein får ikkje like god forståing og går like djupt som Øye fekk gjort i si undersøking.

4. OPPSUMMERING OG KONKLUSJON

Desse undersøkingane visar på ein god måte kva born og ungdom i alderen 9 til 16 år brukar internettet, kva dei gjer på når dei sitt på internett og kva brukervanar dei har. Som tidlegare nemnt er den metodiske tilnærminga ganske ulikt, der Kristin Øye har valgt å gå meir kvalitativt til verks enn det undersøkinga til Medietilsynet har. Men den store forskjellen på desse undersøkingane er at Øye berre har hatt undersøkingane si på 3 skular og berre gjennomført den i Oslo. Difor viser den kanskje ikkje eit breitt nok bilete av gjennomsnittet av born og ungdom frå 9 til 16 år i heile Norge, men gir ei ganske god oversikt over mobilvanane til ungdom i Oslo. Mediatilsynet har ikkje gått like mykje kvalitativt til verks som Øye gjorde, og har heller valgt å fokusere litt meir på dei store massene, og har difor gjennomført ei elektronisk spørjeundersøking blant 1950 elevar rundt om i forskjellege delar av landet. Difor er det kanskje denne undersøkinga ein burde bruke om ein vil finne ut kva brukarvanar ein gjennomsnittleg norsk ungdom har.

5. KJELDER

5.1 Publikasjonane

Medietilsynet (2014). «Barn og medier 2014». Henta 21.02.16 frå
http://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/2015/rapport_barnogmedier_2014.pdf

Øye, K. (2010). «En mobil hverdag». Henta 21.02.16 frå
https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27270/Masteroppgave.pdf?sequence=2

5.2 Eksterne lenkjer

Kvalitativ metode. Henta 22.02.16 frå
https://snl.no/kvalitativ

Kvantitativ metode. Henta 22.02.16 frå
https://snl.no/kvantitativ_analyse

 

 

Red Balloon – Ei kritisk analyse

redballon

  1. INNLEIING

Eg vil gjennomføre ei kritisk analyse av kortfilmen «Red Balloon» frå 2010. Meiningane som kjem fram i teksten, er mine eigne subjektive meiningar.

Kortfilmen ”Red Balloon” er  laga av Alexis Wajsbrot og Damien Mace og har vore nominert til fleire kortfilmprisar. Kortfilmen handlar om ei ung kvinne som sitt barnevakt for ei lita jente som heiter Dorothy. Vi møter den unge kvinna, Julia, tidlig i filmen der ho sitt i stova i huset og pratar med ei vennine. Så hører ho at Dorothy gret, så ho sjekkar rommet for å prøve å roe ned Dorothy. Dette skjer gjentatte gongar. Klimakset kjem når Julia ringer mora til Dorothy og finn ut det er ein bamse på rommet som aldri har vore der før.

2.  ANALYSE

2.1 Handlinga

Først av alt, så skjønner eg ikkje kvifor den heiter ”Red Balloon”, altså ”Rød ballong”, sidan ballongen ikkje har noko viktige rolle i denne filmen. Den dukkar opp i ulike scener i filmen, men den har ikkje noko meining for handlinga.

Eg likar starten av filmen ganske godt. Effekten der ein blir dratt inn i huset i ein langsam bevegelse gjennom kamera, er ein god introduksjon. Eg likar også det lille frampeiket med namnet som står på porten, som skal bli viktigare utover i filmen. Denne effekten vert også brukt seinare i filmen, noko som blir litt for mykje av det gode.
Som sagt møter vi Julie for fyrste gong ved at ho pratar i telefonen med ei vennine, gjennom dette ”grepet” får litt informasjon om kven Julie er og kva oppgåva hennar i denne filmen er. Det er lurt å få med i telefonsamtala at ho ”berre” er ein barnevakt, eller så kunne ein berre trudd at dette var storesøstra til den lille jenta, noko som hadde gitt ein litt anna signaleffekt.

Det fyrste eg reagerar på, er i scena der Julie er oppe på rommet til Dorothy for fyrste gong, der ho seier at ho sette døra litt åpen for at det skal komme litt lys inn i rommet, for deretter å ha døra heilt igjen.

I den neste scena sitt Julie å zappar frå ein kanal og tilbake igjen. Vi får eit frampeik til kva og kven som er i huset ved at kamera rygger bakover og vi får sjå eit bilete av Dorothy saman med ein annan person, der ansiktet på biletet er tusja eller rive av, så vi får ikkje sjå kven personen er, men forstår at denne personen er uønska og at ein ikkje vil ha personen som ein del av livet sitt lenger. Så eg skjønner kva dei vil med denne scena, men kunne kanskje vore utført på ein betre måte.
I ei scene seinare i filmen sitt Julie i sofaen og ser på TV, men blir forstyrra av at Dorothy står ved sidan av sofaen og ser på ein rød ballong som heng opp i taket. Julie kastar eit blikk på den og tilbake til Dorothy som plutselig no har fått eit slags ”demonisk” ansikt med blod rundt munnen, for så å finne ut at dette berre var ein draum Julie hadde. Eg synest denne scena er unødvendig fordi eg mistenkjer at den berre er der for å ha ei ”jumpscare”-scene og for å få opp pulsen til sjåaren. Den får opp pulsen litt, men har ikkje noko å seie for handlinga i filmen.

Dorothy roper frå rommet igjen. Denne gongen står ho å peikar på kanina i hjørnet. Dette er litt ulogisk for meg med tanke på andre scener tidlegare i filmen. Den fyrste gongen Julie er oppe på rommet står Dorothy i senga og grin, andre gongen vi er oppe på rommet seier Dorothy til nokon på rommet, ”Hysj! Nokon kan høyre oss”, noko som indikerar at ho ikkje vil at Julie skal komme opp på rommet sidan ho snakkar med nokon. Og den siste gongen peikar ho plutseleg på kanina i hjørnet. Så her går ho frå å snakke og kanskje ha ein relasjon med personen på rommet, til å ville avsløre han, for så å ”spele ei rolle” i ”kanina” sin plan i slutten av filmen. Eg reagerer også på delen av scena der Julie og Dorothy ser i speilet, der Dorothy har eit slags smil når ein ser ho i speilet, men så er smilet plutseleg vekke i sekundet etter når Julie ser direkte på Dorothy igjen.

Scena etter at vi har vore oppe på rommet til Dorothy, ringer Julie til mora til Dorothy for å spørje ho om denne kanina, for så å finne ut at den ikkje høyrer heime på rommet hennar. Julie blir redd og spring ut av huset for å ringe politiet. Denne sekvensen synast eg er prega av ein del overspel, og blir ein forstyrrande faktor. I tillegg kan ho vel ikkje akkurat kallast ein god barnevakt når ho spring frå Dorothy, som kan vere i fare, på denne måten. Og kva skjedde med lyset i huset eigentleg? Skrudde Alister, som er namnet på personen i kanindrakta, av ein hovudbrytar eller noko? Eller har han vore rundt å skrudd av alle lysa i huset? Eg skjønnar at filmskaperane har gjort det for å skape meir spenning og for å få eit meir overraskingsmoment, men eg synest det berre var litt rart at lyset fungerte fint i det eine sekundet, men ikkje i det andre. Når Julie endeleg finn Dorothy i mørket kan vi sjå at Alister nærmar seg i bakgrunnen. I mellomtida frå vi ser Alister til han angrip får vi ein slags ”oppsumeringssekvens” der alle trådane og hinta gjennom filmen blir samla saman. Litt overflødig scene, men forståeleg at den er med med tanke på at det kanskje ikkje er alle som har fått med seg alle dei små hinta gjennom filmen. Etter dette er filmen ferdig

2.1 Visuelt og lyd

Visuellt sett er filmen strålande å sjå på. Filmen er skutt med eit «RedCam 4K»-kamera. 30 profesjonelle har jobba med denne filmen, inkludert Jean Clement Soret, som er den annerkjende Danny Boyle sin faste Colourist. Og det kan merkast at profesjonelle har vore med å laga den, tonen i biletet i filmen er mørk og passande til handlinga som foregår. Det skal også seiast at debutregissørane, Alexis Wajsbrot og Damien Mace, har jobba med visuelle effektar på gigantiske Hollywood-produksjonar, som t.d. Iron Man 3, Avatar, Gravity og Harry Potter, for å berre nevne nokre. Så dei kan verkeleg sine saker.

Som sagt er effekten som innleiar filmen veldig kul, der kameraet forflyttar seg frå gata, vidare gjennom vinduet i huset og inn i stova, men det blir litt for mykje av det gode når den samme effekten vert brukt ein gong til i scena der ein forflytt seg frå stova, ut og inn vinduet til Dorothy. Der mange skrekkfilmar brukar lydar for å prøve å designe eit skumlare lydbilete, brukar heller denne filmen stillheita til sin fordel.

 

3. OPPSUMMERING OG KONKLUSJON

Kort foralt handlar filmen om Julie, som er barnevakt for Dorothy, som gjentatte gongar må opp på rommet for å få Dorothy til å sove. Men dette er ikkje lett for Dorothy som er brydd over eit forstyrrande element i rommet. Til slutt finn vi ut at dette mest sannsynleg er broren til Dorothy som har rømt frå mentalsjukehuset og vil ta ho med frå huset.

Visuelt sett er filmen veldig fin å sjå på, sjøl om eit par verkemiddel blir litt vel mykje brukt. Historia er drivande og fin og gir oss ein del hint, men blir litt øydelagt av nokre forstyrrande element og unødvendige scener, som t.d. scena der Dorothy får det ”demoniske” ansiktet og scena der Julie og Dorothy ser i speilet. Handlinga i filmen er meir basert på dei verkelegnære hendingar. Eg har ikkje noko i mot ”overnaturlege” hendingar i filmar, men eg fekk følte det ikkje høyrde heime i denne filmen.

Filmen verkar og å gi nokre ”nikk” til andre filmar i Thriller/Horror-sjangeren, som t.d. telefonsamtalen på starten av filmen som får ein til å tenke på «Skrik» frå 1996 og ved å bruke ein person i kanindrakt som antagonist er moglegens eit nikk til den ikoniske filmen «Donnie Darko»

Alt i alt er dette underhaldande 12 minutt, og kan anbefalast. Filmen er absolutt ikkje revolusjonerande på nokon måte, og den tilfører ikkje noko nytt til skrekk-sjangeren, men det trur eg ikkje var noko mål for filmskaperane heller. Filmen har veldig få ”jumpscares” og er god på å bygge opp stemninga gradvis og klarar å halde sjåaren nysgjerrig til tross for ein del klisjear og ulogiske val. Det er nesten ikkje eit kjedeleg sekund i denne filmen, og filmer gjer akkurat det ein spenningsfilm skal gjere.

4. KJELDER

Filmen:

Fakta:
http://www.imdb.com/title/tt1653053/?ref_=nm_flmg_dr_2
https://en.wikipedia.org/wiki/Red_Balloon_(2010_film)

Artiklar:
http://press.dailymotion.com/?p=460

 

 

Oppgåver i Lyd

Oppg. 1

Notatar frå den fyrste turen

  • Fottrinn i snøven
  • Stemmer i gangane
  • Kaffimaskina
  • Tasting på tastatur
  • Vatnet under brua ved BK
  • Lyden av fottrinn ned trapp
  • Dører som åpnar seg
  • Stol mot golvet

Oppg.2

Oppg. 3

Oppg. 4

 

Oppg. 5

Lydbilde av motoriserte køyretøy i storbyen, i tillegg til ein dramatisk slutt

Oppg. 6

I oppgåve 1 og 6 skulle vi foreta ei lydvandring der vi observerte lydane rundt oss. Der vi i oppgåve 1 berre skulle gå å lytte, skulle vi i oppgåve 6 skulle vi foreta den samme vandringa der vi skulle ta med oss ein lydopptakar. Eg gjennomførte denne lydvandringa saman med Sivert Hjelle og Alexander Nygaren. Lydvandringa vart gjennomført ved at vi starta ved inngangen til BK (vendt mot IB), gjennom BK og så vidare gjennom Strøm og Aasen. Deretter gjekk vi tilbake igjen til strøm, der vi gjekk ned ein etasje, gjekk ut ytterdøra og trappa på utsida. Denne vandringa blei gjennomført ved hjelp av ein Zoom H6

Nedanfor er nokre lydar eg har funne på internett som demonstrerar korleis eg høyrde diverse lydar vi oppfatta under vandringa

Person som går i snø

Nokon som tastar på tastaturet

Fottrinn ned trapp

Stol som skrapar mot golvet

Oppg. 7

Her har eg prøvd å lage ei skummel atmosfære med litt skummel musikk i bakgrunnen, i tillegg til nokre sjølvlaga og nedlasta lyda funnen på nettetet

 

CSS3 Funksjonar – Transition

I denne oppgåva skulle vi lage ei side som omhandla det vi holdt på med forrige time. Gruppa eg var på skulle konsentrere oss om «Transitions». Eg har lagt inn eit døme på kva ein transition er. Om ein har pila over klossen vil ein fort merke at klossen utvidar seg. Vidda er på 100px og høgda på 50 px i starten. Høgda vil vere den samme når du tek pila over, men klossen vil i løpet av 4 sekund ha utvida seg til 500px. Sjekk ut sida her. Du vil og fort merke at eg har lagt til litt «eye candy» i form av ein trøyt Mikkel Rev

Skjermbilde 2015-11-14 kl. 00.14.13

Skal seiast at eg har brukt w3schools ein god del under utforminga av denne sida

Arbeidskrav 2B – Foto

BILDEANALYSE

uteis

1. INNLEIING

1.1 Om oppgåva

Biletet eg skal ta for meg er henta frå ein reklamekampanje som Aker Brygge satt i gong, som blir kalla ”uteis”, og litt lett tilgjengeleg på internett. Biletet kan ha fleire betydningar, noko som gjere det interessant å analysere. Oppgåva vil omhandle ei analyse av primærmeininga til biletet, og sekundærmeininga. Måten eg vil gå fram på er å basere meg på eit gruppearbeid vi hadde i Oktober, hausten 2015, der vi skulle planlegge ei muntleg framføring, samtidig som vi skulle utforme eit individuelt blogginnlegg. Så målet med denne oppgåva vil bli å omgjere dette til ei kvalifisert, akademisk oppgåve. Eg vil fyrst gå gjennom litt teori som er relevant for oppgåva, for så å gå over til ein hovud-del som vil bestå av ei utgreiing av primær- og sekundærmeininga i biletet. Deretter vil eg skrive eit samandrag og ein konklusjon.
Som eg nevnte tidlegare, vil eg analysere biletet ”Uteis”. Dette er eit biletet som er henta frå eit markedsføringsstunt som Aker Brygge stod bak, våren 2014.

1.2. Arbeidsmetode

Måten eg har gått fram på for å løyse oppgåva, er å bruke dei forskjellege lærebøkene, då hovudsakleg Peter Larsen si bok, og internett for å lese meg opp på dei forskjellege emna og begrpa som blir nemnd i oppgåva. Samd litt sideinformasjon som kan vere relatert til debatten rundt bilete.

2. TEORI

2.1 Primærbetydning

Når ein skal sjå etter den primære betydninga i bilete, kan ei gå fram på nesten samme måte som ein ville gått fram ved ein denotasjon av eit bilete. Då beskriv ein fyrst det som er på sjølve bilete. Men motsetnadane mellom denotasjon og primærbetydning, er at i primærbetydninga ser ein etter meir enn det ein berre kan sjå på biletet. Ein må kunne identifisere objektet eller subjektet i biletet og tyde kva som faktisk er den primære betydninga. Med andre ord ”den fyrste og direkte betydninga” (Gripsrud 2011, s.119)
Det vil altså seie dei konkrete tinga, eller elementa vi ser med ein gong. ”Under denne fyrste beskrivinga av biletet identifiserar vi berre kva det viser” (Larsen 2008, s.64). Elementa treng ein ikkje nødvendigvis ha noko førehandskunnskap for å kunne identifiserast. ”Det som vi her får auge på, ligg tilsynelatande umiddelbart i biletet sjølv og krevar ingen spesiell viten for å kunne sjåast.” (Larsen 2008, s.64)

2.2 Sekundærbetydning

Det andre punktet som vert brukt i Larsen si analyseprosedyre for analyse av bileter vert kalla ”sekundærbetydning”. I likheit med ”primærbetydning” kan dette også samanliknast med eit anna begrep som vert brukt av Gripsrud, konotasjon, som er ”….den andre indirekte tydinga.” (Gripsrud 2011, s.119). Med andre ord kva ein tolkar ut i frå det ein kan sjå. Den sekundære betydninga handlar om det å prøve å finne ut kva biletet blir brukt til og kva biletet kan fortelje oss. Sekundærbetydninga tek utgongspunkt i bileteelementa i primærbetydninga

2.2 Meddelelsessituasjon

Det siste punktet i Larsen sin analysemodell er meddelelsessituasjon. Dette begrepet omhandlar blant anna om å prøve å finne ut kvifor biletet seier kva det seier (Larsen 2008, s.79). Bilete kan fortelje meir enn det ein ser ved fyrste augekast. Det kan ofte fortelje blant anna kva verkemiddel som vert brukt og i kva tidsepoke biletet vart tatt i. Dei teknologiske trekka og stilen i biletet kan vere ei meddeling som ein kan lese ut av om ein har den nødvendige kunnskapen til å gjere det (Larsen 2008, s.74).

2.3 Assosiasjonar

Biletets medtydingar, både uoffisielle så vel som offisielle, vert kalla for konnotasjonar (Larsen 2008, s.91). ”….den andre indirekte tydinga.” (Gripsrud 2011, s.119). Konnotasjonar kan altså seiast å handle om å tolke det man ser når ein analyserer eit bilete. Men det er og ifølgje Gripsrud å skilje mellom konnotasjonar og assosiasjonar”. Han skriv i boka at ”konnotasjonar er kulurelt etablerte, kodifiserte, felles-assosiasjonar, mens assosiasjonar er individuelle, personlege.” (Gripsrud 2011, s.120). Så i bunn og grunn kan ein seie at konnotasjonar på ein måte er ein felles assosiasjonar for fleire menneskjer, imens assosiasjon er meir individuelt og personleg (Gripsrud 2011, s.120)

2.4 Alkoholloven

Dette blei ei veldig mykje omtala reklame på grunn av at Aker Brygge prøvde å snike seg rundt loven, i beste fall tøye strikken kraftig, nærmare bestemd, alkoloven. I Norges lover står det følgjande:

”I henhald til alkoholloven § 9-2 er følgjande forbode:

  • All direkte reklame for alkoholhaldeg drikk
  • Reklame for produkter med samme merke eller kjenneteikn som alkoholhaldeg drikk
  • Bruk av alkoholhaldeg drikk for å reklame for andre produkt eller tjenester

Reklameforbodet gjeld kun drikkar med eit alkoholinnhald over 2,50 volumporsent alkohol” (Lovdata)

2.5 Årets markedsføringspris

Aker Brygge står bak dette biletet, og blei brukt som ei reklamekampanje rundt i Oslo. Dette biletet var kontroversielt, noko som vi skal kome tilbake til, og vart raskt spredd rundt i sosiale medier i Norge. Biletet blei så godt spredd at det vann prisen for beste kampanje på Kjøpesenterkonferansen, ”Den gylne ide”, arrangert av NCSC (Nordic Council of Shopping Centers Norge). Juryleder for ”Den gylne ide”, Christine Lampe, kom med følgjande begrunnelse for prisen:

 ”Det er ikke så ofte at kjøpesentre klarer å skape debatt, men Aker Brygge fikk svært mye ut av en relativt begrenset kampanje. Juryen la særlig vekt på at en så liten og enkel idé kan gi så mye oppmerksomhet og engasjement i både tradisjonelle og sosiale medier”

2.6 Symbol

Når ein skal analyse eit bilete, må ein sjå etter teikntypar i biletet. Dette gjer vi ved hjelp av Charles Pierece sine teiknteoriar, som omhandlar ikon, indeks og symbol

Eit ikon representerar noko som liknar på sitt objekt, som til dømes teikn for ein mann eller ei kvinne på ei toalettdør, som skal likne på det kjønnet det skal representere, eller ikonet for papirkurv på ein PC eller Mac som er eit ikon som kan sjåast på som internasjonalt. Ein indeks har ei direkte forbinding til objektet det utrykker gjennom ein årsakssamanheng. Latter kan t.d. vere ein indeks for glede, lyn ein indeks for torden, røyk for ild osv. Eit symbol er eit vilkårleg teikn. Forbindinga med eit objekt er noko som byggar på konvensjonar som språk eller kulturell bakgrunn. Eit rødt skilt kan t.d. vere eit symbol på fare (Gripsrud 2011, s.120, 124-125)

3. ANALYSE OG DRØFTING

3.1 Primærbetydning

Som vi ser er den primære betydninga i biletet å reklame for ”årets første uteis”, i form av ein gul pinneis. På tida denne plakaten vart utplassert, var våren på anmarsj, vinterkulda var snart historie, og sola titta sakte og forsiktig fram. For å bringe fram litt sommerkjensle i Oslo-folket laga dei denne plakaten for å prøve å friste folk til å ta ein tur til aker brygge for å nyte ein kald is i det varme været. Isen kan sjåast på som eit symbol for sommar. Den primære betydninga går vel kanskje helst til barn og unge, som naturleg nok vil assosiere dette med ein is, sidan det står på plakaten. Imens vaksne nok kanskje vil sjå noko anna, men dette kjem eg nærmare innpå seinare.
Aker Brygge er kjend for å vere ein attraktiv plass å vere på når det er sommar og sol. Då kan familiar slappe av på ei utebord med noko kaldt. Aker Brygge veljer å bruke ein is sidan det er det ein forbind med sommar, sol og varme. Dei har plassert denne isen foran ein bakgrunn som er lyseblå, som eg mest trur mest sannsynleg skal symbolisere eller assosiere ein blå himmel.

3.2 Sekundærbetydning

Grunnen til at dette biletet er så interessant er på grunn av den sekundære betydninga som ligg i biletet. Ordet ”utepils” har fått ein grobunn i Norge og er blitt eit eige fenomen. Når det er vår i lufta vert det fort snakka om ”utepils”. Aker Brygge har slått to fluge i ein smekk her, som nemnd er isen eit symbol på sommar og varme. For mange kan utepilsen vere knytta til dei samme kjenslene, som ein start på sommarsesongen. Som eg skreiv lenger oppe, så er ikkje det lov til å reklame for alkohol i Noreg. Så dette var Aker Brygge sin måte på å prøve å gå rundt loven. Men kan ein ta Aker Brygge på å prøve å selge is? Så lenge intensjonen, eller ein av intensjonane er å reklamere for alokohol, så er det eit brot på loven.

Sjølv om reklama ikkje direkte reklamerte for alkohol, var Aker Brygge lett gjennomskua. Hadde ein for eksempel berre tatt vekk ispinnen, ville det ikkje vore nokon som helst tvil om kva dette var reklame om. Men det virkar som dei ikkje hadde så veldig stor intensjon om å legge skjul på det heller. Frå ein skjermdump henta frå ”Instagram” kan ein sjå at ein av dei mange ”hashtaggane” (#) er merka med ”utepils”. Plakatane som hang på trikkestopp, busshaldeplassar og på t-banestasjonar vart raskt tatt vekk når Aker Brygge var gjennomskua. Så ein kunne ikkje få sett reklameplakatane fysisk lenger, men denne kampanjen var så mykje omtala i sosiale medier og andre medier på grunn av kontroversane rundt det at det levde sitt eige liv på internett. Så Aker Brygge fekk mykje gratisreklame der.

3.3 Assosiasjonar

Nokon vil kanskje berre sjå ein is, men ser ein nøyare etter kan ein heilt klart sjå at denne isen liknar på noko litt meir drikkandes og vil assosiere det med noko heilt anna. Isen er i samme farge som det vanleg øl vanlegvis er farga, i ein litt gul-brun farge. Og det som skal vere vanilje-isen på den nedre delen av isen, er det kvite skummet som vanlegvis ligg i toppen av eit ølglass. For ein person litt opp i ungdomsåra eller eldre, vil ikkje desse assosiasjonane vere vanskelege å sjå.
Aker Brygge ville nok nå ut til to forskjellege målgrupper med denne kampanjen. La oss for eksempel ta ein far og ei dotter. Om dottera hadde sett plakaten hadde ho sett isen og kanskje masa til faren om dei kanskje kan gå å kjøpe ein is. Kanskje faren også hadde tatt ein titt på plakaten, sett ein forlokkande utepils og gjerne kunne tenkt seg ein av dei.

3.4 Meddelelsessituasjon

Når ein skal reklame for is er ofte dei fleste måtane å reklamere på ”brukt opp”. Det vert ofte til at ein berre kikar på plakaten med eit kort blikk og tilbake til det ein holdt på med. Så det er tydeleg at Aker Brygge var ute etter å finne på ein ny måte å reklamere på. Avsenderen, her representert av Aker Brygge, har valgt å gjere det på ein måte som tiltrekk seg merksemd og prøver å selge produktet på ein annan måte enn andre aktørar ville gjort. Dette produktet vekk merksemd fordi det ikkje er slike isreklamer vi er vande med å sjå, og som eg har nevnt tidlegare, var det nok målet til avsendaren. Men der andre plakatar vekker mykje merksemd ved å bruke for eksempel sterke fargar, brukar Aker Brygge nysjerrigheita til mottakaren. Når ein tek eit raskt kikk på plakaten ser ein som oftast kva tingen i biletet er med ein gong. Men i dette tilfellet så kiker ein kanskje raskt, kikar ned igjen og begynn å tenkje, ”kva var det eg faktisk såg no? Var det ein is eller ein øl?”, og dermed studerar plakaten nøyare. Så då har plakaten lykkast med å få ut bodskapen. Det vekker nok større nysgjerrigheit blant folk fordi ein veit at alkoholreklame er forbode i Noreg. Hadde denne reklama for eksempel hengt på eit t-banestopp i New York i USA, så hadde ikkje reklama fått samme verknad som i Norge.

Vanlegvis har reklame ei spesiell målgruppe ein vil henvende seg til. Om ein reklamerar for leikesaker henvender ein seg t.d. til born, men om ein reklamerar for t.d. Kitchen eller Jernia, er mottakaren ein vaksen person. Men i dette tilfellet, som nevnt tidlegare, vil det nå ut til born og ung ungdom i form av ein is, og til eldre ungdom og vaksne i form av ein øl.

4. OPPSUMMERING

Når vi oppsumerar teksten, kan vi sjå litt på kva vi har gjort. Eg foretek ei bildeanalyse ved hjelp av Peter Larsen sin teori som omfatta primærbetydning, sekundærbetydning og meddelelsessituasjon. Eg løyste og oppgåva ved hjelp av Gripsrud si bok også, der det var snakk om dei semiotiske begrepa, denotasjon, konnotasjon og assosiasjon.

Eg starta fyrst med ein teoridel der eg forklara litt rundt kva dei forskjellege begrepa betydde og litt informasjon som t.d. kva som står i alkoholloven sidan det var relevant for kvifor biletet var kontroversielt

I delen som omhandla primærbetydninga såg vi ein gul pinne-is som var snudd på hovudet, der det stod ”velkommen til årets første ute-is”. I sekundærbetydning-delen såg eg nærmare på det faktumet at isen på biletet også ligna mistenkeleg mykje på ein øl med kvitt skum. Eg kom og fram til at både is og utepils er symbol på sommar og fint vær. Eit moment ein kan ta med seg er at denne reklama eigentleg berre var i Oslo, men med all kontroversen og spreiing av biletet i sosiale medier, vart dette ei reklame som gjekk utanfor grensene til Oslo og ut til resten av Norge. Så kanskje tilreisande folk ga denne plakaten ein tanke når dei var innom i Oslo ein tur

5. KJELDER

5.1 Bøker

Larsen, Peter: “Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse” (2008)

Pettersen, Roar C. (2008): «Oppgave skrivingens ABC: Veileder og førstehjelp for høgskolestudenter». Universitetsforlaget AS (2011)

Gripsrud, Jostein (2007): ”Mediekultur, mediesamfunn”. Universitetsforlaget AS (2011)

5.2 Biletet

http://llowbank.no/wp-content/uploads/2014/05/Aker_Brygge_is_LLB_02.jpg

5.3 Lenkjer

https://helsedirektoratet.no/folkehelse/alkohol/forbud-mot-alkoholreklame

http://kampanje.com/archive/reklame/2014/10/omstridt-annonse-vant-pris/

http://www.nrk.no/ostlandssendingen/reklame-for-uteis-kan-vaere-ulovlig-1.11688470

5.4. Presentasjonar

https://docs.google.com/presentation/d/1wVaz73atKfPz66209oaq3CgNrhwf3oP-hrNviuLeB6I/edit

 

Analyse av eit foto

uteis

Vi har analysert dette biletet ved hjelp av Peter Larsen si bok «Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse» (2008)

Kva ser vi?

På biletet ser vi ein gul pinne-is som står opp ned foran ei blå bakgrunn. Under denne isen står det «Velkommen til årets første ute-is» med kvit skrift. Heilt nederst finn vi fyrst ein logo med to rundingar forma av prikkar med ein stor A i sentrum og ein liten B inne i A’en, under dette står det Aker Brygge, som då står bak denne reklameplakaten

Primærbetydninga

Primærbetydninga i denne plakaten er å reklame for is, sidan det er vår og det begynn å bli varmare, nærmare bestemt «Årets fyrste ute-is». Meininga bak er at vi skal få ei forventning av sommer og fint ver sidan Is er noko av det ein tenker på når det er sommer.

Sekundærbetydninga

Om ein går nærmare inn på sekundærbetydninga, så skjønner ein fort kva Aker Brygge vil med denne reklama. Dei prøver seg på ein dobbel-kommunikasjon, der eit barn vil sjå isen, og den vaksne vil skjønne øl-assosiasjonen som ligg i biletet. Aker Brygge er kjend for å vere ein plass med ute-restaurantar og eit yrande folkeliv når det nærmar seg sommar og finare temperaturar, så her vil dei slå to fluge i ein smekk.

Dette blei veldig mykje omtala reklamekampanje fordi Aker Brygge prøvde å snike seg rundt loven som omhandlar alkoholreklame. I Norges Lover står det følgjande

«I henhold til alkoholloven § 9-2 er følgende forbudt:

  • all direkte reklame for alkoholholdig drikk
  • reklame for produkter med samme merke eller kjennetegn som alkoholholdig drikk
  • bruk av alkoholholdig drikk for å reklamere for andre produkter og tjenester​»

Sjølv om dei ikkje direkte reklamerte for alkohol, vart Aker Brygge lett gjennomskua. Ifølgje ein skjermdump la dei ikkje så veldig mykje skjul på det heller, noko ein kan tolke ut i frå «hashtaggen» (#) utepils

uteis insta

Årets markedsføringpris

Denne reklama fekk så mykje merksemd at den fekk årets markedsføringspris av «Nordic Council of Shopping Norge» på eit arrangement kalla «Den Gylne Ide». Juryleder for Den Gylne Idé, Christine Lampe, kom med følgjande begrunnelse for prisen:

«Det er ikke så ofte at kjøpesentre klarer å skape debatt, men Aker Brygge fikk svært mye ut av en relativt begrenset kampanje. Juryen la særlig vekt på at en så liten og enkel idé kan gi så mye oppmerksomhet og engasjement i både tradisjonelle og sosiale medier»

Kjelder

Larsen, Peter: “Medievitenskap: Medier – tekstteori og tekstanalyse” (2008)

https://helsedirektoratet.no/folkehelse/alkohol/forbud-mot-alkoholreklame

http://kampanje.com/archive/reklame/2014/10/omstridt-annonse-vant-pris/

http://www.nrk.no/ostlandssendingen/reklame-for-uteis-kan-vaere-ulovlig-1.11688470

http://d20tdhwx2i89n1.cloudfront.net/image/upload/t_next_gen_article_large_480/blk2hq6wnimdejpvx8ns.jpg

https://docs.google.com/presentation/d/1wVaz73atKfPz66209oaq3CgNrhwf3oP-hrNviuLeB6I/edit

 

Retorisk analyse av eit bilete

KMD_Pram

Kva ser vi på bilete?

Vi ser nesten heile kroppen til det som mest sannsynleg er ei dame. Vi kan ikkje vere 100% sikre sidan vi ikkje ser ansiktet til personen, men personen har dei trekka som kan tilseie at dette er ei dame. Vi ser og at dama held på ei barnevogn med eit «vaksent born». Personen som ligg oppe i vogna har på seg converse-sko og ei olabukse. Dei står i ei gate på det som ser ut til å vere ein dag med dårleg vær, med hentydning til kåpa personen har på seg og den våte, steinbelagte gata bak personane.
Nede i det høgre hjørnet er logoen til selskapet (KMD) og nede i det venstre hjørnet er det ein liten faktaboks der det står om selskapets verdiar

Teikn og symbolikk

Som kjend frå semiotikken og Charles Pierce sine teiknteoriar har vi tre typar teikn: ikon, indeks og symbol

Sjølve barnevogna kan vere eit symbol på born. Og sidan reklama har slagordet «Make time for your kids while they’re still kids», kan ein tenke at kvinna som står der mest sannsynleg er mora. Så då blir kvinna i biletet eit slags symbol på «mor» sidan ho held på ei barnevogn med ein «vaksen unge» opp i.

Metafor

Den djupare tanken bak denne reklama er at denne IT-bedrifta tek meir vare på ditt familieliv enn andre bedrifter innan same sjanger ville gjort. Før ein veit ordet av det, så er borna dine, ikkje lenger born, og då er den tida vekke for alltid. I dagens samfunn er det ein kjend sak at mange foreldre kanskje må jobbe mykje overtid og er overlessa med arbeid, og så vidt får vere heime for å sjå borna. Tanken bak er at KMD er meir skreddersydd for foreldre og at dei tek hensyn til at du har born og at du må nytte tida med dei, imens dei enda er unge.

Etos, patos og logos

Patos: Her spelar avsenderen på mottakaren sine kjensler og får ein til å tenke over korleis jobblivet ditt eigentleg er.

Logos: Fornuft og argumentasjon blir brukt utan å eigentlege seie så mykje.

Etos: KMD ser ut til å vere klar over korleis jobbsituasjonen blir i dagens samfunn, med lange dagar på jobb og mindre tid på familie, og prøver å spele på mottakarens haldning til livet

Kjelder

Kjeldsen, J. E – “Retorikk i vår tid” (2015)

https://docs.google.com/presentation/d/1bGGpEl6SURvnkTmnAZtEopX1MiZ1iiGkdJqghrgtVLs

https://kdybvik.wordpress.com/fellesemnet/oppsummering-av-pensumtekster/visuell-retorikk/

http://adsoftheworld.com/sites/default/files/styles/media_retina/public/images/KMD_Pram.jpg?itok=RP_63_zB

Arbeitskrav – Tekst

Semiotisk analyse

en nasjon i sorg

  1. Innleiing

Biletet eg skal konsentrere meg om heiter ”En nasjon i sorg” og ligg enkelt tilgjengeleg på internett. Biletet har ein følelsesmessig brodd, noko som gjorde dette biletet interessant å ta fore seg. Oppgåva vil omhandle ei denotasjonsanalyse og konotasjonsanalyse av dette biletet. Måten eg har tenkt å løyse denne oppgåva på er å basere meg på ei gruppeoppgåve vi hadde i September, hausten 2015, der gruppa i fellesskap planla ei muntleg framføring, samtidig som vi skulle skrive eit individuelt blogginnlegg. Målet for denne oppgåva blir å omarbeide dette til ei kvalifisert oppgåve.
Eg vil fyrst ta for meg relevant teori og begrep knytta til analyse av dette biletet, deretter vil eg gå over til hovud-delen som kjem til å bestå av ei denotasjon og konotasjonsanalyse. Til slutt vil eg skrive eit samandrag og ein konklusjon. Som eg skreiv, vil eg analyse biletet ”En nasjon i sorg”. Dette er eit bilete som vart teke ved Sunnvollen Hotel i Hole, Buskerud og er tatt den 23. Juli, dagen etter dei forferdelege handlingane ved Utøya og regjeringskvartalet. Biletet vart tatt rett etter Jens Stoltenberg sin ankomst til staden, der den fyrste han møter er Eskil Pedersen.
Biletet vart orginalt fotografert i fargar. På grunn av sterke fargar i bakgrunnen, som t.d. litt rødfarge, og grønnfargen på trea, valgte han å gjere biletet svart/kvitt. Han ville ikkje at fargane skulle ta vekk merksemda frå ansiktsuttrykka og for at det skulle fange stemninga i situasjonen meir.

1.1 Årets bilete
Biletet er teke av frilans-fotograf Tommy Ellingsen. Det vart fyrste teke i bruk av Stavanger Aftenblad, men skulle fort spre seg vidare også til andre medier. Dette er eit jounralistisk fototgrafi, men det har og blitt ei historisk viktig fotografi for Noreg. ”En nasjon i sorg” fekk prisen for årets bilete i 2011 med den følgjande begrunninga:

«Bildet har styrken til at vi, som jury, får en klump i magen når vi ser det mange måneder etter terrorhandlingene 22. juli 2011. Vi ser ikke terroren, vi ser ikke ødeleggelsene, men vi ser sorgen og sinnet som den etterlater.
Årets bilde har også den styrken at vi om fem eller ti år vil kunne ta det fram og beskrive hva som skjedde før og etter fotografiet ble tatt. Vi kan fortelle om følelser, om Jens Stoltenbergs måte å takle begivenheten på, om samhold, om landet og folket vårt.» (Journalisten.no, Februar 2012)

1.2 Arbeitsmetode

Måten eg har gått fram på for å løyse oppgåva, er å bruke lærebøkene og internett på å lese meg opp dei forskjellege emna og begrepa som har blitt nemnd i oppgåva.

2. Teori

2.1 Semiotikk

Semiotikk, også kalla teiknteori, kan omfattast som korleis ein forstår eller tolkar eit medium (type bilete eller film).

2.2 Dennotasjon og konnotasjon

Dennotasjon og konnotasjon er beteikningane på korleis vi oppfattar tekst 

Denotasjon er det same som den fyrste, ”direkte” tydinga av kva si ser som faktisk befinn seg i sjølve teksten. Ein skal berre beskrive det utan å legge vekt på eller røpe nokon bakgrunnsinformasjon. Ein kan sjå for seg at ein skal beskrive biletet til ein person som ikkje har sett biletet, og etterpå skal den samme personen teikne dette biletet slik som du beskreiv det. Skal ein foreta ein denotasjon av til dømes ei rose kan ein seie at det er ein raud vilblomst

Konnotasjon er den ”indirekte” tydinga, som tyder kva vi tolkar og oppfattar i teksten. Det er og viktig å legge til at måten vi oppfattar konnotasjon vert påverka av den kulturelle bakgrunnen og menneskjer frå f.eks Norge eller Mexico vil difor ganske sannsynleg ikkje oppfatte tekstane på samme måte, og vil ha ei anna tyding og tolking av teksten. (Gripsrud 2011, s. 119-120) . Om ein tek rose seg same eksempel som eg brukte til denotasjon, vil ein få fleire tydingar på ei rose. Og då kan ein begynne å tenke på t.d. kjærleik, valentinsdagen eller kanskje logoen til Arbeiderpartiet. Dette er kulturelle assosiasjonar som vi har tileigna oss.

2.3 Dei tre teikntypane

Når ein foretek ei semiotisk analyse av eit bilete må ein også sjå på verkemiddel som vert brukt i foto. Sidan dette er eit journalistisk fotografi, inneheld det då kun eit bilete og ingen tekst. Ein må då ta i bruk det som Charles Pierce utdjupar som 3 teikntypar; symbol, ikon og indeks.

Kort fortalt kan ein seie at eit ikon representerar noko som liknar på sitt objekt, som til dømes teikn for ein mann eller ei kvinne på ei toalettdør, som skal likne på det kjønnet det skal representere, eller eit ikon i ei verktøylinje på ein PC/Mac som i stor grad i dag kan sjåast på som internasjonalt. Ein indeks har ei direkte forbinding til objektet det utrykker gjennom ein årsakssamanheng. Latter kan t.d. vere ein indeks for glede, lyn ein indeks for torden, røyk for ild osv. Eit symbol  er eit vilkårleg teikn. Forbindinga med eit objekt er noko som byggar på konvensjonar som språk eller kulturell bakgrunn. Eit rødt kan t.d. vere eit symbol på fare (Gripsrud 2011, s.120, 124-125)

3. Drøftingsdel

3.1 Denotasjon

Biletet er i svart/kvitt og inneheld 10 personar. Ein kan seie at det har tre lag av fokus.  Det er 4 personar i forgrunnen som er i fokus, med eit lite hovudfokus på 2 menn til høgre som klemmar. Vi ser berre ryggen til den eine av dei som klemmar. Den er vendt mot fotografen, imens ansiktet til den andre som gjengjelder klemmen er vendt mot fotografen. Desse 4 står foran 2 svarte bilar som står tett inntil kvarandre. Bak desse bilane står det 2 menn. Den eine, som er til høgre for hovuda til dei 2 mennene som klemmar er kledd i svart dress, med kvit skjorte og slips. Den andre er kled i ei svart skjorte, med ein refleksvest over og med ein caps på hovudet. Rett bak desse 2 mennene er det 4 menneskjer. 2 av desse ser ut til å vere kled i kvite kleder, den tredje personen kan ein berre sjå hovudet av og er rett ovanfor hovuda til dei som klemmer i bilete. Person nr. 4 er plassert på midten, nesten heil øverst i bilete og er kled i svarte kleder og ser ut til å peike mot noko som er på venstre side av fotografen. Men alle personane bak bilane kan seiast å vere så ute av fokus at ein kan slå fast at dei ikkje har noko betydning for biletet.

Av dei 4 personane som er i fokus er det som sagt 2 stykker som står å klemmar. Ut i frå ansiktsuttrykket til den eine av dei, kan vi tolke at det ikkje berre er ein vanleg klem. Ansiktsuttrykket hans uttrykker både sorg og sinne, noko ein kan sjå ut i frå korleis munnen hans er. Munnen viser ein tydeleg geip. Ein kan sjå at handa til den andre han held omkring er godt pressa inn i hans venstre skulder. Vi ser som sagt berre bakhovudet til mannen som klemmar, men ein kan sjå at han har eit mørkt hår. Mannen med ansiktet mot kamera har eit lyst hår med innslag av litt mørkare hår. Ved sida av dei 2 mennene som klemmar, omtrent akkurat i sentrum av biletet, står det ein annan mann. Han har på seg ein mørk dress, eit slips som er litt skeivt rett under halsen, kvit skjorte og lys hår. Han ser veldig betenkt og nedstemt ut. Han har ansiktet og blikket vendt mot noko til venstre for fotografen. Blikket uttrykker makteslausheit.

Situasjonen rundt personane i hovudfokus verkar å vere alvorleg og prekær. Personane i hovudfokuset ser ut til å vere viktige personar. Mannen ved sidan av personen midt i biletet er kledd i ein mørk dress, lys skjorte, har mørkt hår og har eit skilt rundt halsen sin som viser at han er ein politi. Han er såpass i ytterkanten av biletet at den bakre delen av kroppen hans ikkje viser. Han ser ut til å vere oppvakt og speidande på situasjonen rundt seg. Han har handa si inne i jakka og ser ut til å vere i beredskap i tilfelle noko uforutsett skulle skje

3.2 Konnotasjon

Dette biletet er henta frå det fyrste møtet mellom tidlegare statsminister og eks-partileiar i Arbeiderpartiet, Jens Stoltenberg, og tidlegare leiar i AUF (Arbeidernes Ungdomsfylking), som er Arbeiderpartiet sitt ungdomsparti, Eskil Pedersen. Biletet er tatt ved Sundvollen Hotel og er tatt kort tid etter dei grufulle handlingane på Utøya.

Når ein skal foreta ei semiotisk analyse av eit bilete må ein sjå på verkemiddel. Eit av desse verkemidla er Charles Pierce sin teiknteoriar. Tek ein til dømes Jens Stoltenberg sitt ansiktsuttrykk kan ein kategorisere det som ein indeks, sidan ansiktsuttrykket hans visa rein indikasjon av sorg og sinne etter hendingane den 22. Juli. Mannen midt i biletet er då-verande justisminister Knut Storbgerget. Han og har eit ansiktsuttrykk som kan kategoriserast under indeks, sidan uttrykket hans indikerar makteslausheit og avmakt. Mannen heilt til venstre er ein politimann, noko andre menneskjer frå andre land og kulturar og vil forstå, sidan han har eit politiskilt rundt halsen. Politisymbolet er eit kjend internasjonalt symbol.

I lys av hendingane som skjedde den dagen kan ein og tenke at handa hans er inne i jakke, fordi han har eit våpen der, kanskje ein pistol eller liknande. Med tanke på hendingane som skjedde på Utøya vil han sikkert ikkje vise våpen, for å unngå uheldige situasjonar, men vere klar om det skulle skje noko sidan det då enda var ein uavklart situasjon.

Ser ein godt etter i den nederste kanten til høgre i biletet kan ein sjå at bilane står tett inntil kvarandre. Det kan vere tilfeldig, men det kan og vere for at det skal vere ein barrikadefunksjon. Om uønska situasjonar skulle oppstå vil dette vere meir dekkande og tryggare enn t.d. ei politisperring ville vore.
Ved takinga av fotografia kan ein og sjå at Morten Ellingsen har tatt i bruk ”den gylne snitt” sidan Pedersen og Stoltenberg ikkje står midt i biletet og klemmar.

Med tanke på forkunnskapane vi har, kan ein seie at dette biletet oppsummerar situasjonen og kjenslene dei fleste av oss satt igjen med etter 22. Juli, på ein god måte. Dei aller fleste av oss kunne kjenne oss igjen i Storberget sitt uttrykk av makteslausheit og avamakt. Eller sorga og sinnet som ein kan sjå fyller ansiktet til Jens Stoltenberg. Samtidig kan og klemmen mellom Stoltenberg og Eskil Pedersen symbolisere kjærleiken og det sterke samhaldet blant det norske folk som stod sterk etter desse dagane

3.3 Assosiasjonar

Viser ein dette i biletet til ein person i eit anna land, t.d. ein person på gata i Spania, kan ein sikkert fortelje deg at dette biletet viser ein alvorleg situasjon, nokon vil kanskje til og med kjenne igjen Stoltenberg sidan han no er generalsekretær for NATO, men dei vil nok mest sannsynleg ikkje forstå det verkelege innhaldet i biletet. Nokon vil kanskje tenke at det er ein viktig begravelse eller liknande sidan statsministeren, med politiet i følget sitt, klemmar ein annan person og er tydelege bevega, samtidig som det står noko som lett kan tolkast som ein begravelsesbil i bakgrunnen. Det kjem ann på kva forkunnskap kvart enkelt menneskje har, men dei aller fleste nordmenn vil ha forkunnskap om kva dette biletet handlar om.

4. Samandrag og konklusjon

Ein kan konkludere med at Tommy Ellingsen har nådd fram til menneskjer med dette bilete. Han har klart å få fram kjenslane i bilete, med både ansiktsuttrykk, skarpheit og bruken av svart/kvitt. Eg konkluderar og med at ved bruk av denotasjon og konnotasjons-analyse, lærer ein å analysere eit bilete på ein heilt ny måte. Ein fordjupar seg og finn meir enn ein vanleg sjåar kanskje ville gjort. Ein kjem meir ned på nivå med personen som tek biletet og finn kanskje ting som og fotografen ikkje var klar over. Ved denotasjon analyserar ein berre det ein ser i sjølve biletet, primær-uttrykket. Ein blir ikkje så godt kjend med innhaldet, men ein får eit godt overblikk og legg meir merke til dei små detaljane. Når ein tek føre seg ein konnotasjonsanalyse lærer ein meir om biletet og ein kan meir gjengi kva det er fotografen vil formidle. Du analyserar kva fotografen vil med dette biletet, samtidig som du og analyserar ditt eige synspunkt. Kva bakgrunn ein har eller kva kultur ein kjem er med på å forme tolkninga di av eit bilete. I prosessen der eg analyserte biletet ved hjelp av denotasjon og konnotasjon lærte eg meg meir kva som er viktig i eit bilete, og gjer meg meir bevisst på kva ein vil ha med i biletet sitt.

5. Litteraturliste

5.1 Bøker

Gripsrud, Jostein (2007): ”Mediekultur, mediesamfunn”. Universitetsforlaget AS (2011)

Pettersen, Roar C. (2008): «Oppgave skrivingens ABC: Veileder og førstehjelp for høgskolestudenter». Universitetsforlaget AS (2011)

5.2 Biletet

Ellingsen, Tommy: ”En nasjon i sorg”. (22. Februar 2012)
http://gfx.dagbladet.no/labrador/203/203554/20355489/jpg/active/978x.jpg

5.3 Lenkjer

Journalisten.no, (22. Februar 2012)
http://journalisten.no/2012/02/tommy-ellingsen-tok-arets-bilde-2011

Icon, Index and Symbol (short version), (4. September 2000)
http://www.cs.indiana.edu/~port/teach/103/sign.symbol.short.html

5.4 Presentasjonar

Gruppearbeid 8. September (Jon Einar, Oscar, Bastian, Tomas og Svein-Erik)
https://docs.google.com/presentation/d/18M7UYZQ9LNfrQMmmC6Dr0dJvQzsCfAQsCeuvATr-FkQ/edit#slide=id.p

Erdal, Ivar John: Medietekstar – teori og analyse (4. September 2015)
https://docs.google.com/presentation/d/1jXq4AQ-QSvyAX66hFwmsw56vT4G750LMG85UpK9qQm4/edit#slide=id.gf3cb789_0_95

 

 

 

Redesign av emballasje

Orginal-embalasjen

salt potetchips

 

Skisse 1

Skisse1

Dette kan vel ikkje kallast ei vellykka skisse. Eg hadde vore bortreist fram til morgonen før vi skulle vise fram skissa. Så eg brukte nokre sekund på å lage eit par (ekstremt) enkle skisser. Av dei 3 mindre gode skissene eg hadde, var denne skissa den gruppa mi likte best. Eg hadde ikkje mykje på papiret, men hadde laga meg nokre tankar i hovudet. Gruppa anbefalte meg å leike meg litt meir med fargane for å gjere produktet meir augefallande.

Skisse 2

2. Skisse2

Etter møtet tenkte eg meir om korleis eg kunne få mest ut av ein enkel emballasje, og det endte med at eg til slutt fann på ein ny emballasje til pakninga, men tok med meg tanken om å leike meir med fargane. Meininga med den store brun/gule-runding midt i bilete er at det skal sjå ut som både ei potet og ei sol. Potet sidan det er det potetchips er laga av, og samtidig ei sol sidan den inneheld solsikkeolje. Eg har og brukt den velkjende blåfargen som ofte symboliserar produktet x-tra og laga blå bølger på øvre og nedre del av pakninga. Det er ei sol/potet midt i biletet og bølgene kan indikere himmel og hav!

Foto – Oppgåve 3

 

 

  1. Sur haust, men livet er greit for detSur høstHer kan enn sjå ein person som sitt ute å kosar seg med ein kopp kaffi til tross for at det er kaldt og surt (som tjukkegensaren indikerar) og regn (som paraply skal indikere)

2. Speglbilete

SPEGLEBILETEDette er både eit bilete og speglbilete av verdas vakraste bygd, Hellesylt! Ein kan sjå sentrum og fjella i øvre del av bilete, samtidig som ein kan sjå speglbilete av fjella rundt i det stille og klare vatnet

3. Vinduet mot verdaVindauge mot verdaPå bilete kan ein sjå fjord som munnar ut i andre fjordar og store og fagre fjell. Kven veit kva som ventar seg i den store verdenen bak neste fjelltopp eller bak neste sving?

4. Alene mot restenEg blei litt fascinert når eg gjekk på parkeringsplassen og kasta blikket mitt mot andre sidan. Her er det linja opp med bilar bortover parkeringsplassen, men i midten står det plutseleg står dei ein liten traktor åleine blant alle bilane!

Bileta er optimalisert for web, så kvaliteten er ikkje heilt perfekt